Stor utbygging hos Elkem Bremanger

Elkem Bremanger - logo

Elkem Bremanger satsar stort i Svelgen, for å betre kapasiteten på produksjonen av silisium og ferrosilisium og å redusere NOx-utsleppa med opp mot 50%.

Som ein del av den store satsinga vart hovudbygget utvida med ei etasje. Sist sommar hadde Walcon 10 – 16 mann i fullt arbeid på anlegget – for å få mest mogleg unna i ferieavviklinga. Walcon hadde totalentreprisen, med innkjøp, prefabrikkering, maling, montering og dokumentasjon. I tillegg leverte vi alt av stillas til bygget, inklusiv folk til å bygge stillaset. Vi har samarbeidd med mange lokale leverandører på dette prosjektet – og det har vore veldig mykje folk i arbeid her.

Silisiummaterialet Silgrain blir berre produsert ved Elkem Bremanger – og blir skipa ut til heile verda. Det blir mellom anna brukt i smarttelefoner, solcellepanel, batteri til elbilar og til og med i batteri i NASA fartøy. Så Silgrain frå Svelgen har landa på Mars.

Silgrain - Elkem Bremanger

Elkem Bremanger sitt unike silisiumpulverprodukt, Silgrain®, har reist frå Svelgen til planeten Mars. For å betre kapasiteten for dette produktet har Elkem satsa stort med å utvide anlegget i Svelgen.