Oddvar gjekk frå pensjonist til administrasjonsleiar

Eg fekk ein hyggeleg telefon frå Bjørn Tore, som eg ikkje kunne seie nei til. Oddvar Aarberg fortel at han ikkje trengte lang betenkningstid – sjølv om han hadde vore pensjonist i eit år. Walcon hadde bruk for hjelp i administrasjonen, og det var for spennande til å late vere.

Dette er ei veldig interessant bedrift, som eg har følgt med på frå starten av. Her er det mange dyktige folk og mange moglegheiter å ta fatt i. Eg har bakgrunnen min frå WIS og INC Gruppen i 27 år før eg starta som logistikkleiar i Gaz de France i 2008. Eg jobba i det franske selskapet under skiftande merkenamn fram til eg pensjonerte meg sommaren 2021. Då Bjørn Tore ringte kjende eg at ingeniøren i meg vakna.

Frigjer tid for dagleg leiar
Walcon er på mange måtar ei vekk gøymt suksesshistorie – som eg gler meg over å bli ein del av. Det er ei effektiv bedrift med 6 personar i administrasjonen og totalt ca. 200 tilsette. Det er mange samarbeidspartar og kundar som skal følgast opp, og med Oddvar med på laget håpar dagleg leiar Bjørn Tore Løkkebø på å få meir tid til dette. Vi trengte å styrke oss på den administrative sida, og vi kunne ikkje fått ein betre mann enn Oddvar.

Sunn og god bedrift
Oddvar har lang erfaring i faget, og vil styrke Walcon med personellopplæring, å utvikle staben og auke kompetansen. Han blir på mange måtar mi høgre hand, smiler den daglege leiaren fornøgd. Oddvar på si side ser lyst på framtida, og skryt over gjengen som jobbar her. Det er ei sunn og god bedrift med entusiastiske medarbeidarar, som får stadig nye oppdrag fordi dei er flinke og leverer det dei lovar.

Havbruk, PE-plast og sløkkeutstyr
Walcon har alltid levert tenester til verftsindustrien og landbasert industri. No dreiar vi meir og meir mot havbruk og næringsbygg, fortel dei to. Vi har posisjonert oss godt inn mot aquakultur, og har lojale og svært dyktige folk i staben.  Dette viser igjen på oppdraga vi får og jobbane vi utfører. Automatiske sløkkeanlegg er eit anna område der Walcon leverer til havbruksnæringa, til industribygg, offentlege nybygg og rehabiliterings prosjekter. Her har vi  totalentreprisen på anlegg både nord og sør i landet.

Oddvar Aarberg, nytilsett administrasjonsleiar - Walcon