Nye fiskebåtar ved Vard Brattvaag

Bygg nr. 927 og 929

Nergård Havfiske – bygg nr. 927

Nergård Havfiske har bestilt ein ny trålar frå Vard Brattvaag, som skal vere klar for levering første kvartal 2022. Bygg nr. 927 får eit avansert fabrikksystem for både levende og frossen fisk – samt ensilasje for å kunne ta vare på alle delar av fisken til råstoff.

Framdrifta blir både dieselmekanisk og dieselelektrisk, kombinert med batteri.

Designet er av type Vard 8 02, lengden blir 80 meter og bredda 17 meter. Bygg nr. 927 blir søsterskipet til M/S Senja, som også er eigd av Nergård Havfiske.

Walcon har rørarbeidet på båten, og har 20 mann i arbeid frå medio august til utgangen av oktober 2021.

Framherji – bygg nr. 929

Det færøyske reiarlaget Framherji har signert kontrakt med Vard Brattvaag om bygging av ein ny trålar, som etter planen skal leverast frå verftet sommaren 2022.

Det færøyske skipet er bygg nr 929. Walcon har nyleg fått kontrakt på rørsystemet om bord. Arbeidet startar opp i midten av januar 2022, og Kamil Zelazny (bildet) vil vere vår prosjektleiar på verftet.

Den nye trålaren – Akraberg – til Framherji i Fuglefjord på Færøyane er av design Vard 8 02 og blir 84 meter lang og 17 meter brei. Den blir utrusta for tråling etter dei vanlege botnfiskartane og reketråling. Det blir fabrikk om bord som kan handtere restavfallet frå produksjonen som m.a. skal nyttast til fôr til havbruksnæringa på Færøyene.

Les meir om bygget i SKIPSREVYEN

Kamil Zelazny er Walcon sin prosjektleiar på bygg 929 hos Vard Brattvåg

Kamil Zelazny er Walcon sin prosjektleiar på bygg nr. 929 hos Vard Brattvaag. Rørarbeidet startar i januar 2022 – og båten skal overleverast sommaren 2022.