Ei allsidig bedrift

Artikkel i HAVmagasinet – om næringslivet i havgapet i Florø

Walcon - ei allsidig bedrift havmagasinet.no

Walcon er ei allsidig bedrift som jobbar med alt frå bygging og utrusting av skip, havbruk, fiskefôrfabrikkar og bygg – til å levere sløkkesystem i byggebransjen. Dagleg leiar Bjørn Tore Løkkebø fortel at dei har rundt 170 fagfolk i jobb, langs heile Norge frå Finnmark i nord til Oslo i sør, i tillegg til nokre oppdrag i utlandet. Basen vår er i Florø.

Røransvar hos Brødrene Aa
Walcon har oppdrag hos Brødrene Aa verfta, der vi leverer komplett entreprisar innan rørsystem. Dette oppdraget har vi hatt sidan januar 2014, og det inneber at vi handterer alt av rørarbeid, innkjøp, teknisk arbeid og bemanning. Det har vore ei utruleg spennande reise, fortel produksjonsleiar André Fimland Lothe.

– Sidan samarbeidet starta har vi i gjennomsnitt hatt mellom 10 og 20 mann fast på verftet i Hyen. Vi tilpassar oss raske endringar, og gjennom desse 10 åra har båtane gått frå dieselmotorar til hybridmotorar, og no er det først og fremst batteri som gjeld.

Kabellegger i Romania
For tida har Walcon oppdrag på eit kabelleggerfartøy som Vard Søvik bygger for Italienske Prysmian Group. Båten, med det velklingande namnet «Monna Lisa», er utvikla for avanserte operasjonar ned til 2000 meters djupne. Prosjektleiar Ronny Magnussen fortel at dei no har 10 mann i Romania for å førebu arbeidet med montering av «karusellane» på skipet. – Når skroget kjem til Norge og Vard Søvik skal vi auke opp til rundt 80 mann totalt, på rør og mekanisk installasjon.

Sikrar store bygg med sløkkeanlegg
Dei siste åra har Florøbedrifta hatt mykje folk i arbeid i og rundt Oslo, der dei mellom anna har levert komplette høgtrykks vanntåkeanlegg. Dette er ein svært effektiv metode for kveling og nedkjøling av brann. – Vi har levert alt av materiell, installasjon og i gangkøyring av anlegga på nye Tøyenbadet, fortel Bjørn Tore. – Det same gjeld Kommunegården i Bærum og fleire datasenter rundt Oslo.

Havbruk frå Kinn til Adamselv
– Havbruksnæringa er blitt ei viktig kundegruppe for oss, og her jobbar vi med alt frå mindre reperasjonar til installasjon av store prosessanlegg, smiler Bjørn Tore fornøgd. – Vi har tett samarbeid med Simona Stadpipe på Stadtlandet som har spesialisert seg på havbruk og PE-rør. Vi har vore med å bygge opp mange anlegg langs kysten vår i dette samarbeidet. Akkurat no er vi i gang med Norges største landbaserte oppdrett av ørret på Rjukan. Det neste på agendaen er å bygge nytt smoltanlegg for Grieg Seafood i Adamselv, omtrent så langt nord ein kan komme i landet.

Vi treng meir folk
Vi er heldige som har rikeleg med arbeid, og vi er alltid på utkikk etter kvalifisert arbeidskraft, avsluttar gjengen i Walcon. – Vi tilbyr variert arbeid, der ein får oppleve stadig nye prosjekt – på ulike stader i landet – og av og til i utlandet.

Walcon - ei allsidig bedrift havmagasinet.no